Vakkert og grensespregjande

VOLDA.

Nær fortid og samtid, den amerikanske komponisten Samuel Barber (1910-1981) og vår to nolevande norske komponistar Synne Skouen og Magnar Åm stod på programmet til Volda Vokal og Ålesund strykekvartett denne kvelden. Viktige medverkande var også barytonsongaren Njål Sparbo og dansaren Einy Åm.

Med ei Messiasframføring for fulsett kjyrkje i korttidsminnet, var det med ei viss spenning vi såg fram til denne konserten med ein annan og nyare musikk, i same lokalet. Og først som sist kan eg melde om full klaff for arrangør og aktørar både når det gjeld det musikalske og publikumsoppslutninga.

Det byrja med fire Samuel Barber-songar frå galleriet og Volda Vokal under leiing av Magnar Åm. Barber, som sjølv var ein habil barytonsongar, røper fort solid innsikt i sjangeren. Vakker tonal musikk, dei fleste nummera i roleg tempo, I andre songen, ein barkarole (båtsong) vekslar kvinnestemmene om å illudere åretaka og synge melodien. I The fair haired one fikk vi litt meir aksjon med stemmeguppene mot kvarandre i polyfon song, meir dynamikk og nokre spennande akkordar.

Det siste nummeret frå galleriet, Agnus Dei, er den kjende komposisjonen Adagio for strykarar, utan allegrosatsen, omarbeidd for kor. Ikkje dei store utfordringane harmonimessig, men dei lange bølgande melodilinene med følsam veksling mellom stemmegruppene, krev ikkje minst rett pusteteknikk og tonedanning. Volda Vokal røpa fine kvalitetar i denne avdelinga.

Konsertens desiderte høgdepunkt kom med Samuel Barber-songen Dover Beach framførd av barytonsongaren Njål Sparbo og Ålesund strykekvartett.

Det intense samvirket mellom solisten sine lange melodiliner og det heile tida kontrastskapande kvartett-spelet, skapte stemningar og kjensler som uro, otte og von, med kanskje ein framoverretta intuisjon om lagnadshendingar der "the white cliffs of Dover" var kulissar. Imponerande og gripande kommunikasjon frå inspirasjonskjelda, dei tunge båredraga, gjennomn komponisten sine notar og til slutt musikken frå ein solist, med Fischer-Dieskau-kvalitetar, og ein kvartett som følgde, utfyld og demosnstrerte musikalsk sjølvstende og dugleik på imponerande vis.

Magnar Åm sin strykekvaretett 3 har fem satsar med spesielle undertitlar som "hånet", "den håna" og "lytte". Den sist nemnde satsen, den 4., var ein feiande flott bratsjsolo akkompagnert av lågmælte kvartettkollegaer og Einy Åm sine velkoreograferte dansetrinn.

Denne 4. satsen var også eit klart høgdepunkt. Urframføringa av Synne Skouen sin komposisjon "hysj - bla stille om" openberra våde mangeslungen og fengjande musikk.

Dei frammøtte viste takksemd og begeistring gjennom heilhjarta applaus og blomar.

Magne I. Våge, Sunnmørsposten, 22.11.2010 / Terningkast = 6

Lukk vindu