Tilbakeskodande opning
Medan debatten går om kunstnarjubilea er av det gode, teiknar aktørar i kulturlivet flotte bilete av kulturpersonlegdomane.
Under opninga av Hauge-Tveitt jubileet i Drammens teater baud Kringkastingsorkesteret på innsmigrande musikalske glimt frå Geirr Tveitt.
KONSERT:
Kringkastingsorkesteret
Dirigent Ole Kristian Ruud
Med: Liv Bernhoft Osa (programleiar), Njål Sparbo (baryton), Gjermund Larsen (hardingfele)
Drammens teater
Opninga av Hauge-Tveitt jubileet i Drammens teater vart ikkje noko unntak. Der baud Kringkastingsorkesteret på innsmigrande musikalske glimt frå Geirr Tveitt sitt virke, medan programleiar Liv Bernhoft Osa presenterte fyndige utsegn av og om han og diktaren Olav H Hauge.
Etter fjorårets mangfaldige Grieg-markering, der utanommusikalske aspekt som humanisme var betont, og likeeins ei vekting på dagens kunstnarlege uttrykk, var torsdagens konsert påfallande fri for anna innhald enn verk av dei to vestlandskunstnarane.
Dét toler dei godt. For sjølv om me kjenner til mykje av materialet frå før, er denne historia nær oss, og på ingen måte utbrukt. Særleg Geirr Tveitt, som fekk vanskar etter krigen med å forsvara og forklara haldningane sine, og som miste store delar av produksjonen etter brann i heimen, har vorte sjeldnare presentert enn kva me kunne ynskt. Mange av oss vil truleg høyra fleire Tveitt-komposisjonar for første gong dette året.
Heller ikkje dei godt kjende verka, som «Hundrad Hardingtonar» kjenst oppbrukte. Snarare var det eit gledeleg gjenhøyr med utdraga som Kringkastingsorkesteret og dirigent Ole Kristian Ruud presenterte først og sist denne kvelden frå den transparent og lette helsinga «Velkomne med æra», gjennom meir ukultiverte tonar i «Hastverksbrudlaup», til den avsluttande «Brudlaupssuiten» der gryande forelsking, påfølgjande kåtskap og nok eit nødvendig brudlaup vart truverdig framstilt av utøvarane.
Eit høgdepunkt var dessutan Gjermund Larsen si stødige framføring av konserten «Tri fjordar» for hardingfele og orkester, som eit beteiknande bilete på Tveitt sitt nære arbeid med folkemusikarar og hans inspirasjon frå folkemusikken for å komma fri frå fengslet av dur og moll. Men kanskje mest levande opplevdest møta med kunstnarane sjølve, gjennom gamle arkivopptak frå NRK. Med ein stevande Geirr Tveitt, på klingande harding om ein fars irritasjon over gutens kåtleik, og Olav H. Hauge, som lett famlande og sky las fram dikt for jublande 70-tals ungdom, vart det på mange måtar så klart: Det er desse to er det me feirar ingen tvil om det.
Men samanstillinga av dei to ber bod om noko meir enn ei feiring. For trass skilnader mellom kunstnarane, og einast eit knippe songar som felles prosjekt to av dei flott framført av songar Njål Sparbo har dei enkelte trekk felles. Med sine sterke røter i norsk tradisjon og samstundes med ein utbrytartrong og radikalitet som sette preg på liva deira, har begge viktige bodskap til dagens skapande.
Geirr Tveitt og Olav H. Hauge skapte begge vakker kunst og skal hyllast for det. Samstundes ligg utfordringa til Hauge-Tveitt jubileet i balansegangen mellom ei feiring av kunstnarane som ikonar og anerkjenninga av deira lengsle etter å komma vidare. Me vonar at året òg vil bringa opplevingar like framsynt som dei jubilerande.
Ida Habbestad, Dagsavisen, 12. januar 2008
|