Makt, religion og erotikk
Det er ei sjeldan og stor glede å få møte eit oratorium som «Solomon» i full, frodig prakt i Oslo. Laurence Cummings og kompani fekk mykje til å bløme i Trefoldighetskirken laurdag.
KONSERT «Solomon»
Av: Georg Friedrich Händel
Med: London Handel Orchestra and Choir
Dirigent: Laurence Cummings
Solistar: Iestyn Davies, Mona Julsrud, Elzabeth Atherton, Nathan Vale og Njål Sparboe
Oslo Kirkemusikkfestival
«Solomon» er i seg sjølv eit studium av sanseleg ornamentert og samtidig formstreng barokk bibeltolking i musikk. Dei tre aktene skildrar kong Salomo i tre ulike situasjonar; når han ektar dronninga si og tar henne med til «sederlunden der duftende krydder blomstrer», når han meklar mellom dei to kvinnene som gjer krav på same barn og til slutt når dronninga av Saba kjem på besøk og aldri sidan vil kunne gløyme «den herlighet hun har sett og all den kunnskap du har lært henne».
Rolla som den overstadig kloke og mektige kongen er paradoksalt nok, kanskje, skriven for ein falsettsongar. Laurdag kveld viste Iestyn Davies at ein ikkje treng ein stor kropp og djup stemme for å ha autoritet. Ein så sensasjonelt dynamisk kontratenor som han, overtyder og imponerer gjennom pur vellyd, stilistisk og tekstleg kontroll.
Også i dei andre rollene var kledd med flotte songarar; Nathan Vales tenor var òg sjeldan smidig og lekker, mens Mona Julsrud tolka sine parti med tyngd og stilege kadensar i høgt sopranregister. Njål Sparbo er og blir ein behageleg bass og Elizabeth Atherton gav fargar og liv til dronninga av Saba, om ikkje alltid like avspent behageleg.
Tre av solistane, koret og orkesteret var henta over frå London til denne avslutningskonserten på Oslo Kirkemusikkfestival. Med eit så stort og dyrt prosjekt og stiller ein forventningane høgt. Gjennom første akt var eg nokså skuffa over dirigent Laurence Cummings og ensembla hans. Den relativt unge og spesialiserte barokkdirigenten verkar svært energisk og veit truleg kva han vil når han flørtar også med det vi ikkje forventar av ein såkalla tidsriktig stil. Men mange tempi verka for låge, uttrykket blei tilbakehalde og presisjonen regelrett slapp i ein del innsatsar i orkesteret. London Handel Choir var dessutan ujamt i klangen, litt tungt i toppen og dermed ikkje alltid like godt intonert.
Problema blei ikkje heilt borte i andre og tredje akt. Men her var det som om dampen gjekk opp hos alle partar, blåsarane kom på banen med meir sting i klang og rytmikk og solistane tok endå meir grep. Dermed gjekk det an å lene seg meir tilbake og nyte Händel; all pomp og prakt i dei majestetiske kor- og orkestersatsane, den søte smaken av fromme arier, sukk av lykkeleg og ulykkeleg kjærleik, i det heile tatt; makt, religiøsitet og erotikk. Oratoriet blei slik eit møte med bibelhistoria inkludert diverse bisarre sider men framfor alt med komponisten si tid, og med det stadig utforskande og dels famlande arbeidet for å tolke alt saman inn i vår eiga.
Astrid Kvalbein, Dagsavisen, 26.03.2007
|