Musikalsk vanvit

CD

Arne Nordheim: «Draumkvedet»

Unni Løvlid, Carl Høgset, Njål Sparbo m.fl., Grex Vocalis og Kringkastingsorkesteret, dir. Ingar Bergby

Simax

Kan stilkrasj på stilkrasj bli sin eigen stil? Og kan ein kritisere ein kunstnar for å bruke klisjear når det er sine eigne han resirkulerer? Slike spørsmål dukkar opp under lyttinga til Arne Nordheims «Draumkvedet». Verket syner komponisten på sitt beste – og kanskje verste.

Tolv år etter at mellomalderballaden frå Telemark og truleg Europa blei sett opp på Det Norske Teatret, ja, i samband med OL på Lillehammer i 1994, kjem ein ny versjon på plate (og i konsertform i Oslo i går kveld). Innspelinga er eit løft, med eit sterkt lag av solistar, eit habilt Kringkastingsorkester og eit velsyngjande Grex Vocalis, alt under leiing av Ingar Bergby. Det viser seg dessutan at tekst og musikk til saman opnar opp nok bilete for ein alminneleg kreativ lyttar, ein treng ikkje ei full scenisk oppsetjing for å ha glede av verket.

Så kan ein spørre seg kva verket eigentleg er. Lange strekk blir halde oppe av folkemelodiane og visjonsdiktet som er kjernen og opphavet, forteljinga om Olav Åsteson, han som fell i svevn på «joleftan,» reiser ned til dødsriket, møter helgenar, englar og djevlar og ikkje vaknar igjen før på trettandedagen «då folket åt kyrkjun gjekk».

Nordheim har klokt nok late ein del av dette klinge så godt som urørt, og mellom anna gitt den eminente folkesongaren Unni Løvlid rom til å forme sine vers som ho kan det best, gjerne i vekselsong med enkle korsatsar i omkveda. Men sjølvsagt lar han ikkje originalen vere i fred. Arne Nordheim legg på dei karakteristiske klirre- og klingklang-lydane frå røyrklokker og elektronikk, kjent sidan Epitaffio frå 1963, han lar tett dissonerande satsar munne ut i lange durakkordar som i fiolinkonserten tiår seinare, han skriv karakteristiske rytmiske repetisjonar for stemmer, synth og slagverk og lar solocellisten rope mot himmelen som i «Clamavi.» Det heile er typisk Arne Nordheim, og samtidig er det meir enn som så.

Nokre element kling nye og friske, som den rå stemmeleiken til «urkvinna» (Løvlid) og djevelen, som er framifrå ekkelt gestalta av Sigve Bøe. Dei uventa vendingane i musikalstil synes eg er meir pussige, til dels over i det banale. Men heldigvis syt Nordheim oftast for å kludre dei til. Han fråtsar i det heile tatt i stilbrot og fri blanding av effektar, og går ikkje av vegen for å karikere. Cark Høgset er glimrande som manisk messande prest i falsett, mens Njål Sparbo tolkar hovudpersonen Olav Åsteson med alvor og mynde – renit, enkelt og vakkert.

Utøvarane gjer mykje av susen i «Draumkvedet». Komposisjonen kan ein argumentere for at er litt for mykje av det gode og knakar i samanføyingane her og der. Men tvers gjennom alle stilkrasj og (eigne) klisjear, syder verket av éi samlande kreativ kraft.

Astrid Kvalbein, Dagsavisen, 23.09.2006

Lukk vindu