|
Innspelinga på denne CD'en inneber ei revidert utgåve av Mostrasuite (1986), ei tenkt framstilling av "den fyrste messa på norsk jord", bukkhorn- og lyrespel, kvaddans, og til slutt ei framføring av lovparagrafar frå Kristenretten, avveksla med lursignal. Til saman utgjer dette musikken til Mostraspelet.
Mostraspelet vart tinga til Johannes Hegglands sogespel Kristkongane på Moster, første gong framført i 1984. Spelet, som vert utført av amatørar og profesjonelle, har sidan vore ei årviss hending på Moster og Kjell Habbestad har, som dei fleste teaterkomponistar, måtta tilpassa og gjera endringar i musikken frå år til år. Framføringane av spelet har gjeve komponisten godt høve til å utprøva og utvikla musikkdramaet, slik at det i dag framstår som eit heilstøypt verk med god jamvekt mellom det talte ord og dei musikalske innslag.
Johannes Heggland (f. 1919) byggjer handlinga på Snorresoga om Olav Tryggvason som i år 995 kom seglande til Moster frå Dublin via Hebridane og Orknøyane med føremålet å verta norsk konge. Første akt handlar om folket som lever i si gamle tru og som møter den nye kongen og kravet hans om å underkasta seg og ta imot den kristne dåpen. Overgangen til kristendomen skjer ikkje utan tvil og motstand, og dette gjev spelet nok av dramatikk i handlinga, som når sitt høgdepunkt med den første kristne messa på norsk jord. Seinare vert fråfallet skildra og oppstanden mot konge og kristentru.
I andre akt kjem Olav Tryggvason attende for å slå ned motstanden frå bøndene, men ein synsk mostrabonde forutseier lagnaden som ventar han i slaget ved Svolder. Siste del av spelet føregår i 1024, når Olav Haraldson kjem til Moster saman med biskop Grimkjell. Dei set kristenretten, men framleis lever heidendomen i det løynde og skapar spenning både i folket og mellom kjæresteparet Vigdis og Torolv, som har vorte skilde frå einannan på grunn av nyetrua.
I utforminga av musikken har Kjell Habbestad ynskt å byggja på den same historiske grunn som tekstforfattaren. Heggland kunne ta utgangspunkt i kongesoger og andre historiske kjelder. Det var ikkje like lett å finna tilsvarande musikalsk materiale frå vikingtida, men Habbestad har freista gje ein tidskoloritt ved å nytta det eldste overleverte melodistoff me kjenner til. Dette melodistoffet er på ein organisk måte innvevd i eit musikalsk språk som forsterkar opplevinga av det norrøne. Habbestad har valt ein normal symfoniorkesterbesetning med høvevis stort instrumentarium på slagverkssida. For å understreka tidsepoken, har han dessutan teke i bruk gamle instrument som bukkehorn, mellomalderlyre og fire lurar. Om me ser bort frå ouverturen og etterspelet, består musikken i Mostraspelet i hovudsak av korte innslag med ulik funksjon. Ved sida av å fylgja songen i spelet, vert musikken brukt til å gje ei programmatisk skildring (hovet brenn) og som symbol for sinnsstemningar eller trussyn. Musikken byggjer opp under prosesjonar, fargelegg situasjonar og vert nytta som signal og som ramme for "sceneskift" eller som mellomaktsmusikk. Musikken varer difor nokre gonger berre i 20 sekundar medan den andre gonger får utvikla seg i opp til tre-fire minutt. Dei ulike funksjonane gjer at musikken vekslar mellom å vera forgrunn og bakgrunn under dramaets hendingsgang. Sjølv om dei musikalske innslag er mange og korte, har Habbestad forsøkt å skapa ein indre samanheng mellom dei enkelte ledd, og det gjev lydaren ei kjensla av musikalsk heilskap.
Dermed var vegen frå teatermusikk til konsertsuite relativt kort. I Mostrasuite, som óg har innslag av solistar og kor, er det musikalske materialet bygd ut til fem sjølvstendige satsar, ordna etter dei fem opphavsmelodiane som musikken byggjer på. Sjølv om alderen ikkje let seg bestemma, kan desse melodifragmenta, som først vart nedteikna i det 18. århundre, i si grunnform vera svært gamle. Tre av melodiane er henta frå Jean Baptiste de La Bordes Essai sur la Musique ancienne et moderne frå 1780.
1. SATS byggjer på gudekvadet Ár var Allda (Årle i old) frå skapingssoga i Voluspá som stammar frå det 9. århundre. Denne melodien fekk La Borde av Johann Ernst Hartmann som hadde notert han ned etter islendingen Jon Ólafson. I spelet nyttar Habbestad melodien som leiemotiv kvar gong Torolv eller Gunnbjør forsvarar gamletrua, i gudetilbeding, rituelle blothandlingar, eller når Vigdis slit mellom tru og tvil.
Temaet vert først presentert i 2 bukkehorn som spelar mot ein annan (antifonalt), deretter overtek barytonsolisten (skalden) som framber den norrøne skapingssoga, vers for vers. Satsen er ekspressiv og dramatisk og set Voluspá-melodien inn i ei mengd ulike harmoniske og rytmiske omgjevnader. Til sist munnar han ut i ein stor koral-liknande versjon, der gudekvadet kjempar mot mektig havdønning (slagverk) og måseskrik (strykarar).
2. SATS. Den gregorianske antifonen Accipite iocunditatem gloriae vestrae vert her nytta som eit musikalsk symbol for den framande kulturen Olav Tryggvason let innføra, med latin og nye riter. Habbestad har attgjeve antifonen etter dei neumehandskrifter Georg Reiss i 1904-07 dechiffrerte på bakgrunn av restar frå norske liturgiske bøker i Riksarkivet. Fragmenta hadde fått tena som omslag kring sorenskrivarreknskapsbøker, og har soleis vorte bevarte for ettertida. Reiss hevda at melodiane med sine irsk-angelsaksiske neumer måtte stamma frå det 10. århundre, og han tenkte seg at dette var musikk som Olav Tryggvason og
prestane hans hadde med seg frå England. Melodien er ein antifon til introitus for 3. pinsedag.
I opninga av 2. sats vert inntoget åt kristendomen og prestane skildra ved ein fugeeksposisjon av dette gregorianske materialet. Kvintsamklangane og rytmiseringa av antifonen gjev assosiasjonar til musikkteknikkar som vart nytta i kyrkjeleg samanheng i tidleg mellomalder. Det er karakteristisk at musikken 3brøyter2 seg sterkt og sigerssikkert fram. Prestane sine Alleluia-rop er tonefylgde ikkje berre av sakral klokkeklang, men óg av slagverk, som understrekar den militante sida av kristendomens innmarsj.
3. SATS. Fyrri menn at frædin Kunno frå Lilja gjev utgangspunkt for suitens 3. sats. Teksten til denne melodien frå La Bordes samling, har Habbestad sett saman av vers frå kjærleikskvadet Holmgangs-Berse frå ca. 980 og heltekvadet Fjolsvinnsmål. Resultatet er Lenge sat eg i Vetahaugen, som har vorte ein uttrykksfull orkestersong, og som i suiten fungerer som eit intermezzo med skildringar av kjærleikslengt og vestlandske naturstemningar.
4. SATS. Kvaddansen Ormurin Langi (Ormen Lange) vert i spelet nytta til å skildra lagnaden som Olav Tryggvason vart spådd. Denne dansetypen representerer ein svært gammal norsk songdanstradisjon. som framleis er levande på Færøyane. Mellom mange melodivariantar har Habbestad valt ein færøyisk versjon. Sjølv har han tilrettelagt og omsett 13 av dei 85 færøyiske strofene. Versa skildrar bygginga av skipet Ormen Lange, hyringa av mannskap (m.a. Einar Tambarskjelve), førebuinga og sjøferda fram til Svolderslaget som endar med at kongen spring i havet med sine menn.
Satsen opnar med fanfarar som skildrar kongens inntog. Deretter fylgjer ein orkestermeditasjon kring spådomen om kongens undergang i slaget ved Svolder. Eit kontrapunkt (motstemme) til kvaddansen høyrest i kontrabass og cello, og den mørke stemninga vert fargelagd og ytterlegare understreka gjennom lagnadstunge slagverksrytmar. Treblåsarane introduserer den blinde, synske bonden, og deretter startar sjølve kvaddansen som ein vekselsong mellom føresongar og kor. Dei skiftande stemningar i tekstinnhaldet vert understreka og framførte på ein tonemålande måte. Songen stilnar og satsen endar og døyr ut i Ormen Langes nederlag, på same måte som i 1. sats i ein ramsalt omgjevnad av havmarm og måseskrik (strykarar/piccolo).
5. SATS. Kjempekvadmelodien Hiuggo ver met Hiorvi (Hardt me hogg med sverdom) vert nytta til å syna taket åsatrua hadde på foket, sjølv etter at kristenretten var sett på Moster. Melodien, som har dei same alderdomlege trekk som Ár var Allda, stammar óg frå La Bordes samling av nordiske folkemelodiar. Teksten, som er eit kjempekvad frå Krákumál, handlar eigentleg om helten Ragnar Lodbrok, men somme av versa høver godt til å skildra korleis Torolv vert hoggen ned med sverd av kongens menn.
I denne satsen finn sjølve oppgjeret mellom gamle- og nyetrua stad. Orkesterinnleiinga skildrar korleis Torolv riv krossen overende og like etter vert hoggen ned for kongshand. Skalden framfører kjempekvadet, først i heilskap. Deretter blandar prestesongen (Accipite) frå 2. sats seg inn, og dei to ulike tema vever seg inn i einannan og kjempar om overtaket - medan den døde Torolv vert boren ut frå tingstaden.
For å få fram konflikten mellom åsatrua og den nye kristentrua, har Habbestad sett kvadet opp mot nokre vers frå antifonen Accipite iocunditatem. Medan heltekvadet skildrar løna i Valhall og ølgildet hjå Balder, handlar versa i antifonen om dei som har unnsloppe verdsmørkret og som Herren har kledd i skinande kjortlar og ført inn til det store gjestebodet.
Forutan dette melodimaterialet er óg mellomaldersekvensen Prædicasti, Dei Care frå Olavsmusikken (1200-talet) nytta ved Olav Haraldsons inntog i siste del av Mostraspelet. Vidare har Habbestad nytta somme messeledd frå Graduale Romanum: Kyrie, Gloria og Ite missa est. Musikken for lurar og mellomalderlyre byggjer óg på alt det ovannemnde materialet. Habbestad er ikkje den første som har freista å skildra heidendom og mellomalder. Vårofferet av Igor Stravinskij har, sidan uroppføringa i 1913, stått som sjølve modellen på korleis ein ved hjelp av arkaiske musikalske verkemidlar kan gje ei oppleving av fortid og primitivitet. I 1930-åra freista Geirr Tveitt på liknande måte å skapa ein eigen norrøn 3dåm2 i fleire av sine dramatiske verk, til dømes i balletten Baldurs Draumar. Karakteristisk for dei nemnde verk er den sterke betoninga av det rytmiske element. Kunnskapen om mellomaldermusikkens bruk av kvartsamklangar, dissonerande polyfoni og ostinate rytmeformer, slik me kan finna det hjå ein Guillaume de Machaut, har måtta påverka komponisten sin fantasi. Luren og bukkehornet sine avgrensa melodiske muligheter har medverka til å styrkja kjensla av primitivitet, samstundes som instrumentklangen har gjeve ein ynskt tidskoloritt.
Alban Berg har i operaen Wozzeck gjeve eksempel på korleis ein kan inkorporera folkelege og tonale melodiar i eit gjennomført atonalt harmonisk komplekst tonespråk. Det er ikkje vanskeleg å høyra at slike musikalske røynsler frå fortid og samtid har spelt med under Habbestads arbeid med musikken til Mostraspelet. Resultatet er blitt ein høgst personleg musikkstil som kler det tekstlege innhaldet og gjev dramaet spenning og den ynskte kjensla av fortid og primitivitet.
Harald Herresthal
|
|
Kjell Habbestad vart fødd i 1955 på Bremnes i Bømlo kommune. Han er utdanna som kyrkjemusikar og komponist ved Norges musikkhøgskole. Etter avslutta diplomstudium og pedagogisk seminar var han fram til 1987 verksam som organist. Habbestad var lektor i teori ved Bergen Musikkonservatorium (1981-86) og har sidan 1986 vore førsteamanuensis i teori ved Østlandets Musikkonservatorium. I 1981 vart Habbestad medlem av Norsk Komponistforening, og han har sidan teke aktivt del i foreininga sitt organisasjonsliv, frå 1990 som viseformann.
Habbestad har ved fleire høve vunne komposisjonskonkurransar og vart i 1994 tildelt Oslo Bys Kulturstipend. Opuslista hans har passert talet 45 og omfattar komposisjonar innan dei fleste genrar; orkestermusikk, kammermusikk, opera, ballett, liturgisk musikk av ulikt slag, liturgiske drama/kyrkjespel, kantatar, gjennomkomponerte gudstenester, verk for orgel og klaver og ei rekkje korverk.
Njål Sparbo (f. 1964) debuterte med tittelrolla i Mozarts Le nozze di Figaro i 1991, og heldt same år sin første romanseaftan i Universitetets Aula i Oslo. Seinare har Sparbo markert seg som ein av Noregs mest aktive og allsidige songarar, som solist i oratorier og operaforestillingar, som romansesongar og i vokalensemblet Quattro Stagioni. Sparbo har studert med Ingrid Bjoner i Noreg, og i meisterklassar i Tyskland, England og Finland. Han har motteke ei rekkje prisar og stipend, m. a. Kirsten Flagstads pris.
Kristin Kjølberg (f. 1962) er utdanna ved Norges musikkhøgskole og heldt sin diplomkonsert i Uviversitetets Aula i 1988. Ho har sidan gjort ein romansekonsert i Aulaen der ho m.a. framførte Schumanns Dichterliebe. Kristin Kølberg har vore solist med kor som Grex Vocalis, Oslo Domkor og Det Norske Solistkor. Ho har eit allsidig repertoar og har arbeidd mykje med barokkmusikk med originalinstrument. Som utøvar av samtidsmusikk har ho delteke ved festivalar som Norsk Musikkfestival, Festspela i Nord-Noreg og Nordlydfestivalen i Trondheim. Kristin Kjølberg er dirigent for Oslo Domkirkes Ungomskor og underviser på korseminar over heile landet. Ho arbeider og som lektor i song ved Foss v.g. skule i Oslo.
Terje Mikkelsen (f. 1957) har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole, Sibeliusakademiet i Helsinki med professor Jorma Panula - der han tok diplomeksamen i 1989 - og studier med Mariss Jansons frå 1984 til 1991 i St. Petersburg og Oslo. Mikkelsen har arbeidd nært med Ukrainas Symfoniorkester frå 1989 til 1995, og i 1993 vart han utpeikt til kunstnerisk direktør og sjefsdirigent. Arbeidet hans med dette orkesteret har medført reiser i mange europeiske land, Radio/TV innspelingar og CD-innspelingar. Sidan 1990 har Mikkelsen vore fast gjestedirigent med Litauen Nasjonale Symfoniorkester, der han i tillegg til vanleg konsertverksemd også reiser med orkesteret, og gjer radio- og TV-innspelingar. Saman har dei spela inn dei første 3 CDar i ein komplett serie med musikk av Edvard Grieg for SIMAX. Mikkelsen dirigerer også St. Petersburg Filharmoniske Orkester og Moskva Radio og TV-orkester. Han har også dirigert ei rekkje andre kjente orkester.
Gli Scapoli (it. "ungkarane") er eit mannskor som vart stifta i november 1992 og består av 20 songarar i alderen 19-31 år. Sidan debutkonserten i april 1993 har koret nådd å etablera seg som eit av dei mest framståande kor i Noreg. På denne utgjevinga er koret komplettert med damestemmer frå Filharmoniens Kammerkor, Oslo. Dirigenten Reza Aghamir (f. 1971 i Iran) kom til Norge i 1987 der han studerte piano ved Norges Musikkhøgskole. I tillegg til Gli Scapoli dirigerer Aghamir også fleire andre kor.
Odd Lund (f. 1949) er tilsett ved Norges musikkhøgskole. På det folkemusikalske området har han vore aktiv som folkedansar, samt gjort fleire års forskning på dei eldre norske folkemusikkinstrumenta lur, seljefløyte, munnharpe og bukkehorn. Han har sjølv laga bukkehorna som vert nytta på denne utgjevinga.
Åshild Watne (f. 1961) er cand. philol. med musikk hovedfag frå Universitet i Oslo. Ho er ei av landets få profesjonelle utøvarar på norske strengeinstrument frå mellomalderen, harper og lyrer. Mellomalderlyra er laga av Sverre Jensen.
Ståle Bjørnhaug (f. 1942) debuterte som skodespelar på Nationaltheatret i 1963 og var tilsett der til 1970, ved Den Nationale Scene frå 1970 og ved Det Norske Teatret frå 1981. Han har hatt ei rekkje tittelrollar og songrollar, samt i 16 år medverka ved Stiklestadspelet.
Lurblåsarane Adomas Kontautas, Zigmas Kazlauskas, Rimantas Valanctus og Marius Balcytis er alle messingblåsarar i Litauen Nasjonale Symfoniorkester. Lurane er laga av Egil Storbekken.
|